Mystisk veistump avdekket i Sveio ..
13 februar skriver avisa Vestavind i Sunnhordland om en mystisk datering av "Kongevegen". Kongeveier fra middelalderen har det jo vært mange av og de eksisterte som påbud fra kongene med krav til landeiere og andre, om å holde dem i avtalt stand. Avisa skriver følgende, "Under utgravingar på Haugsgjerd i sommar vart det funne spor av eit hellelagt vegananlegg i 80 cm. breidde. Det går fram av ein kulturhistorisk rapport utarbeid av Hordaland fylkeskommune i januar 2014. Bakgrunnen for utgravingane var utviding av steinbrotet til Vassbakk & Stol AS.
Vegen daterast heilt attende til omlag 500 år f.Kr. i overgangen mellom yngre bronsealder og eldre jernalder. Etter alt å døme har vegen hatt ei særs lang bruksfase, også utover mellomalderen og fram til nyare tid. Funnet må knyttast til den gamle "Kongevegen" gjennom Valestrand og understøttar tidlegare, lokale teoriar om alderen på vegen.
- Dei materielle spora som her er funne, er akkurat det me har etterlyst i høve til tidfesting av vegen. det er difor særs spennande at ein no har fått datert delar av trasseen så langt attende i tid. Sjølv om berre den utgravde delen av trasseen no er automatisk freda etter kulturminnelova, aukar dette vår vurdering og verneverdien på den resterande delen Kongevegen, skriv rådgjevar Kristian Råsberg ved Plan-næringsavdelinga i Sveio kommune i ei pressemelding.
Artikkelen er ledsaget med noen kart over funnene og og et par fantastiske bilder av, altså en hellelagt veistump. Hvis dette betyr at man har anlagt en hellelagt vei 500 f.Kr. så høres da dette veldig sjeldent - og interessant ut ! Hmm, hvor langt var det til landsbyen i Etne ? Noen dager senere besvarer Kristian Råsberg en henvendelse hvor han legger ved bildene over og noen utfyllende kommentarer. Jeg kopierer dem inn i sin helhet;
Vegen si tidlegaste datering er etter omlag 500 f. Kr til i overgongen mellom yngre bronsealder og eldre jarnalder, og med det har vegen hatt ei bruksfase som relaterast til jarnalderen og framover i tid. Det er gjort fleire funn av veganlegg frå same periode i ulike delar av landet, særleg omkring dei rike landbruksområda på Austlandet.
Vegar er dei kulturminnene som har lengst samanhengande brukstid, og ofte framleis er i bruk i dag anten som køyrevegar eller turvegar. Fleire av våre eldre ferdslevegar utgjer i dag også del av det moderne vegnettet. Vegen gjennom Valestrand kjenner me nytta som både kyrkjeveg og postveg heilt fram til nyare tid, og i dag som turveg.
Vegen gjennom Valestrand er datert til ei periode med utprega jordbrukskultur der folk hadde vorte bufaste. Med ei fastare busetting oppstod det også eit fastare ferdslemønster med større sjanse og behov for eit meir etablert vegnett. Denne tidsperioda kjenneteiknast av intensivert korndyrking og husdyrhald, aukande handel og varetransport, og med det auka forflytting av både folk og fe. Frå perioda vegen er datert var hesten alt eit kjend husdyr i Noreg.
Denne samfunnsutviklinga skapte nok tidleg behov for eit slitesterkt dekke på dei gamle ferdslevegane. Det er med denne bakgrunnen ein må forstå steinlegginga avdekt på Haugsgjerd. Når me frå funnkonteksten kjenner til at vegen var steinlagt, er det berre ein liten brøkdel som no er utgraven, og kanskje har han også somme stadar til somme tider også vore lagt med stokkar. Dette har fungert som slitelag for fotferdsle, drifting og køyreveg for vogn og slede. Vegen kan skimtast i ulik breidde på ulike stadar, og har openbart vore oppgradert og teke ulik form opp gjennom tidene.
Ok. Så var veibiten kanskje ikke så mystisk allikevel. Men at man hellela ferdselsveier lenge før vikingtiden er uansett ikke lite imponerende i vårt vidstrakte land.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar